Helsing frå styreleiar

jaeren-sparebank-arena

Medlem og Ishall.

Det nærmer seg årsmøte. Alle medlemmer over 15 år kan stille på årsmøte, og vera med å bestemme over Nærbø Idrettslag. Årsmøtet er øvste organ i ein organisasjon. I år skal me vedta ein strategiplan for 2025-2029. Utkast strategiplan 2025-2029 – Nærbø Idrettslag

Forslaget som føreligg gir følgande visjon:

«Stolte øyeblikk!» skal prege all aktivitet, på alle nivåer, i Nærbø idrettslag.

Suksesskriteriet for «Stolte øyeblikk» kan spenne fra samhold, fellesskap, mestring og utvikling til individuelle og kollektive prestasjoner. Samtidig skal «Stolte øyeblikk» fungere som en moderator for hvordan man skal opptre når man representerer, eller naturlig kan kobles til, Nærbø idrettslag.

Me skal vera stolte av å vera medlem i Nærbø Idrettslag. Me skal alle bidra til at NIL vert ein stolt, samlande og solid organisasjon. Skal me vera samlande og solid, så treng me at alle betaler medlemskontingenten.  DET ser lovande ut med det nye medlemssystemet, Hoopit. I skrivande stund så har me over 1300 medlemmer i appen, og 1060 medlemmer som allereie har betalt.

Det er mange nye fotballspelarar på veg inn i løpet av våren. Og i løpet av hausten kjem alltid mange nye handballspelarar inn som medlemmer.

Det er viktig at alle som skal spela kamp har betalt medlemskontingenten. Dette er trenarane/lagledarane sitt ansvar å fylgje opp. Er ikkje kontingenten betalt, så må spelaren stå over kamp!

Av ca. 100 trenarar i kvar av håndball- og fotballgruppene er det bare 10-15 stk. i kvar som ikkje har betalt. Det er veldig bra. Me ynskjer at alle skal vera medlem, men er mest glad for trenerinnsatsen som vert gjort.

Me får nokre henvendingar frå folk som vil vera støttemedlem, men dei orkar ikkje å laste ned appen. Ei løysing er på veg. Men fram til då, så kan de løyse det på ein enkel måte:

  • Vipps til #634191 Nærbø Idrettslag  > Medlem > vel priskategori. Gjennomfør betaling.
    • Då tek me kontakt med deg for å registrere deg i systemet etterpå.

Me er glade for alle som vil vera både ordinære og støttemedlemmer. Og me ynskjer å gjere endringar i NIL, som gjer det meir aktuelt å vera medlem.

Ishall

Nye Loen AS har sagt opp leigeavtalen med Nærbø Ishockeyklubb. Nærbø Idrettslag eig 70 % av Nye Loen AS. Når Nye Loen AS blør, så blør NIL.

Situasjonen har vore ein kombinasjon av for sein og manglande betaling igjennom heile 2024. Dette til tross for omfattande (avtalte) betalingsutsetjingar igjennom 2023, for å gje klubben hjelp i oppstarten. Når det ikkje finst betalingsevne hjå leigetakar så er det inga anna løysing på situasjonen, diverre.

Nye Loen AS har god dialog med Hå Kommune for å sikra tilbodet til skular og barnehagar. Det vert og lagt til rette for å gjera avtalar om utleige til personar og organisasjonar som ynskjer å leige istid. Problemet er at interessa meldt så langt er i dei periodane alle andre ishaller er stengt – altså når det er dyrast å produsera isflate. Med dei prisane, og interessa som er kjent så langt, verker det å vera særs krevjande å kunne tilby isflate frå mai-september. Men dette er ikkje avklart.

Så skal me alltid leite etter moglegheiter… Ein spennande tanke, som må sjekkast ut raskt, er om det kan vera realistisk å få til ein storkonsert nærmare jul, eller i august. Me kan nok selje 2-3.000 billetter til konsert i storhallen – med rett artist(ar).

Storhallen har ei samla golvflate på 2.900 kvadratmeter. Kan me tenke andre arrangement i løpet av denne sommarsesongen? Her er rom for kreativitet, og her trengs raske initiativ.

Kva med framtida? Den startar no, og me har ingen plan. Planen må leggjast på nytt. Skal me investere i nye kjølemaskiner, og satse videre på ishall?

Heilt personleg; eg trur me må erkjenne at me ikkje klarer å mobilisera nok engasjement for ishockey m.m på Nærbø & omegn. No har me prøvd forskjellige variantar i snart 18 år.  Sjølv om skulane og barnehagane diggar tilbodet, og bruker det fullt ut, i tråd med avtalen til Hå Kommune, så genererer ikkje det tilstrekkeleg rekruttering lokalt.

Me må gjera flata tilgjengeleg for lokale barn og vaksne som treng fysisk fostring. Ei så stor flate gir rom for mange forskjellige tilbod under same taket – viss me bare klarar å skapa nok takhøgde. I dobbel forstand…?

Krevjande tider. Men det er kjekt med utfordringar!