Åpning av Jærentreprenørhallen

åpning

Laurdag 1. februar kl. 11.00 er det offisiell opning av Jærentreprenørhallen. Dørene opnar kl. 10.45.

Etter den formelle delen vert det trikseoppvisning og trikseskule, aktivitetar, konkurransar, kiosk med både varmt og søtt, stands og fotballkamp.

Vi ynskjer alle generasjonar velkomne til fotballfest i Loen!


Jonas Øvestad, med andre Nærbølegender stiller til kamp mot herrelaget anno 2025. Det er konkludert med at 2 x 10 minutt er nok, så her må ein vere på plass frå start.
Kampen begynner kl. 14.15.

📷Tarjei Sel / Jærbladet


Veldig kjekt at Norgesmester i fotballtriksing Sindrefreestyle blir med oss på opninga av Jærentreprenørhallen.

Sindre skal ha oppvisningar og kurs i triksing gjennom dagen.

Ta gjerne med eigen ball om du vil vere med, men husk å merke den godt.