Helsing frå styreleiar

Det nærmar seg årsmøte. Årsregnskapet for 2024 er klar, og me endar på eit underskot på kr. 179.000,-. Det kan me leve med, men det er ikkje berekraftig over tid. Så 2025 krev endå meir av oss for å drive med overskot. Budsjettet for 2025 er stramt, men me ynskjer oss auke i breiddeaktivitet. Budsjettet krever meir jobbing for å auke inntekter, og innsparing/kutt i spelarlønningar er nokre hovudpunkter.
Årsmøtet er medlemmane si anledning til å ta styring i idrettslaget. Har du saker du vil fremje for årsmøtet så må du sende inn til post@narboil.no med forslag til vedtak. Frist for innsending er før 6. mars. Datoen for årsmøtet er 20. mars, kl. 19.00 i Bestaståvå. Men før det skal me gjennomføre årlige møter separat for gruppene;
Innebandy søndag 16. februar, møterom Europa kl. 18.30
Håndball mandag 17. februar, Bestaståvå kl. 20.00
Fotball tirsdag 18. februar, Bestaståvå kl. 20.00
I dei årlige møtene skal m.a. regnskap, budsjett og sportsplaner behandlas. Tillegg for i år er at det vert lagt fram forslag til strategiplan. Teksten ligg nå tilgjengelig her: Strategiplan.
Strategiplanen skal ha siste behandling i årsmøtet for NIL den 20. mars i Bestaståvå.
Til grunn for strategiplanen ligg ei strategisamling i oktober, og ei spørjeundersøking open for alle. Denne var open til 31.12.24, og me fekk inn 230 svar. Dette er knallbra.
Ein redaksjonkomitè beståande av Kathrine Nese, Jan Magnus Jahnsen og Synnøve Veien har laga utkastet til strategiplan. Og dei har samenfatta innspel gitt i spørjeundersøkinga. Her var mange innspel, og nokre gjekk igjen fleire gonger. Andre innspel var bare nemnt ei gong eller to, men nederst i denne helsinga finn de ei oppramsing. (Ingen av listene er uttømande)
Nokre gjengangere verdt å nemne:
- Fortsette med de aktiviteter me har, og kan gjerne vera åpne for nye idretter og aktiviteter.
- Fokus på ETT idrettslag – å samle laget.
- Administrasjonen oppleves som tilgjengelige og imøtekomande.
- Kioskdugnad er demotiverande. Lite omsetning i vekedager.
- Styrkerommet er oppbrukt.
- For lite planlegging, informasjon og kommunikasjon.
- Bra med Elitelag håndball.
- Bredde / elite fokus – for mykje topping for tidlig.
Nokre kritiske røster om:
- Kritikk mot ledelse.
- Reinhold på anlegget.
- For mykje ressurser som går til elitelaget.
Her er mykje godt arbeid å ta tak i for oss alle. Det er kjekt å skape forbedring, og her vil små endringer gi store effekter. Me imøteser gode initiativ! Ser du løysinger, så kom gjerne med dei – har du lyst til å bidra, så har me lyst å sleppe deg til!
Basert på innspel frå spørjeundersøkelsen så har hovedstyret vedteke at me ynskjer å fremje ei sak for årsmøtet, om å oppgradere/utvide styrkerommet. Målet, om årsmøtet vil det, er å realisere prosjektet i 2025. Kom og sjå planane, og sei di meining!
I tillegg jobber me intenst med å finne vår nye daglige leiar. Her møter me spennande mennesker, og vonar styret kan lande prosessen før utgangen av februar.
OPPRAMSING FRÅ SPØRJEUNDERSØKING:
- Ønske om eigne keepertreningar
- Balanse mellom idrettane
- Meir openhet (riktig og nok info, unngå rykter)
- Styrkerommet
- Dugnad og dugnadsvilje
- Administrasjonen
- Betaling av medlemskap for trenarar og dugnad for trenarar
- Kiosk
- Fleire idrettar inn i idrettslaget? Turn og svømming? Samarbeid.
- Treningstider (tidspunkt i fht alder)
- Informasjon
- Bra med mindre salsdugnad
- For mykje topping (for tidlig)
- Ta i mot tilbod om Klubbhuset (handballforbundet)
- Kostand med medlemsskap/treningsavgift (i fohold til tilbud og dugnad)
- Favorisering av trenarungar
- For mykje fokus på å vinne
- Info på TV-skjerm
- Skittent i hallen
- Hærverk frå ungar som ikkje er aktive i idrettslaget
- Dugnader øyremerka dei som er med?
- Fokus på ETT idrettslag
- Bredde vs elite
- Kor lenge skal en kunne delta i fleire idrettar?
- Bookingsystem for møtelokaler
- Informasjon/planlegging av dugnad
- Handballskule for ungdom
- Kniving mellom handball og fotball
- Meir fokus på damelag og ungdomslag
- Vedlikehold av utendørs anlegg
- Lys på fotballbana om vinteren
- Lys på parkeringsplass
- Vareutvalg i kiosken (sunn mat)
- Tidlig og tydelig informasjon
- Trenarveiledrar (fotball)
- For mykje «kompiskøyring»
- Fordele dugnaden på fleire
- A-laget kostar for mykje
- Manglar utstyr (handball og fotball)
- Meir sosialt (trenarfestar)
- Info om det som er ei selvfølge for alle som har vokse opp på Nærbø
- Innebandykampar i Loen
- Støtte til trenarane, sosialt team?
- Sjå spelarane for den dei er, og kan, ikkje ut ifrå slekt og kjennskap
- Dropsone på parkeringsplass
- For mange «småkongar»
- Tilbod til dei minste
- Ording for trenarerklæring og politiattest
- Korrektur/profesjonalitet på informasjon
- Behov for meir treningsflate
- Praktiske ting som lys og nøklar
- Forslag om «test ein idrett»-dag
- Kva utstyr skal ein forvente at spelarane stiller med sjølve? Ballar osv.
- Aktivitet for barn under skulealder
- Skille breddeklubben Nærbø idrettslag frå eliten
- Fleire sosiale arrangement (på tvers av idrettar)
- Tilbod til dei som ikkje har som mål og bli best
- Sportsplanen må følgast
- Tilbod for nye grupper (f.eks senior)
- Egen NIL-buss
- Sal av dugnadsartiklar og NIL-effektar i kiosken
- Informasjon om NIL-kle
- Dugnad i forbindelse med herrekamp (tidsbruk og antal kaker)
- Kursing i emner rundt idretten (skadeforebygging, kosthold osv.)