Julehelsing frå styreleiar Trond Lode
Julehelsing frå styreleiar.
Då gjeld det å senke skuldrene, og nyte julefreden – når den omsider slår inn.
Årets siste styremøte er gjennomført, og me må konstatera at også Nærbø Idrettslag har det krevande økonomisk.
Pr. utgangen av november er det ennå nokre usikre poster i rekneskapet, men prognosen tilseier at me kan ende med eit underskudd i størrelse frå kr 3-500.000,-.
Det kostar å ha eit elitelag i håndball, det skal me vera ærlige på. Situasjonen krever at me bretter opp ermane og justerer kursen. Utgiftene må ned, inntektene må opp, og me skal ha ei økonomistyring som sikrer at toppsatsinga ikkje rammer bredden i NIL. Styret tek situasjonen på alvor.
Når det er sagt så er det inspirerande og galjilt at Nærbø Herrer har flyt, og klatrer på tabellen. Litle-Bore’n flyg inn mål med stil, med ei tribunestemning som vart lagt merke til i heile landet – og nylig omtalt av Stavanger Aftenblad: Den spesielle atmosfæren på Jæren: – Kan være internasjonal standard her. Spelarane er tydelige på at det er viktig for dei at folk stiller opp i hallen, og skaper denne spesielle stemninga. «Kalvane» set standarden og rytmen, og me andre lar oss rive med.
Me er midt i strategiarbeidet for NIL. Status er at redaksjonskomitèen har lagt ut ei spørjeundersøking som er open for alle, og kor svara er heilt anonyme. Me har fått inn mange svar (over 200 stk), og den er åpen gjennom heile romjula. Benytt anledningen til å sei di meining.
Årets fellesdugnad var av det spesielle slaget. Me hadde besøk av Vassendgutane og 1.300 festglade jærbuar. Omlag 100 frivillige frå NIL stilte for å gjennomføre arragementet. Gjennomføringa gjekk veldig bra. Takk til alle som gjekk dugnad, og komitèen som organiserte det heile. Me vonar dette frista til gjentaking.
Inne i den blåe fotballhallen har det vorte grønt. Jærentreprenør-hallen skal opnast den 1. februar. Følg med for info – det vert ein dag med møje aktivitet i anlegget. Igjen har dugnadsånda på Nærbø reist ein hall. Det er heilt rått! Tusen takk til dei som har drege lasset. Det er ikkje magi, men hardt arbeid som ligg bak.
Sparebanken Vest Vinterserie 2025 – Norges største vinterserie starter i veke 4. I år stoppa påmeldinga på 284 lag. Veldig bra påmelding, tett på rekorden, sjølv om me kutta ut seniorlag denne gongen. Puljespelet her er spreidd rundt i heile fylket, men alle finalane skal spelast på Nærbø, to helger i april.
I vinterferien skal minst 100 små og mellomstore fotballspelarar utfolde seg på fotballskule i Jærentreprenør-hallen. Det er plass til nokre fleire, men det nærmar seg fullt allereie. De finn info på heimesida, og det er rabattert pris for påmelding i desember.
Merk også at fotballen inviterer til fellestur for å sjå Elisabeth Terland spele kamp på Old Trafford, 2.-5. mai. Det er òg anledning til å legge inn heimekamp på Etihad Stadium for å sjå Erling Braut Håland mot Wolves. Det trur eg kan verta litt av ei oppleving for både unge og vaksne.
Men nå først er det håndball som gjeld! Har du anledning til å reise til Kristiansand og støtte Herrene – gjer det! Me satser på å knuse Kristiansand i årets siste kamp, før nokre veker med VM pause.
I romjula er det DNB Romjulsturnering. Lørdag 28. 12 og søndag 29.12 vert det fullt trøkk med kampar frå kl. 9 på morgonen. Ta gjerne familien med i hallen og opplev dei stolte øyeblikka for dei små (2017-2013-årgangane).
Lørdag 28. er tid for Romjulsfest igjen. Ta med venner og møt gamle kjente på fest med Goggen. Billetter kjøpes på Nærbø IL-appen; https://narbo.woow.no/event-buy/657/ Eller bestill bord, med spekemat hjå glenn.eriksen@risa.no
Frå mandag 30.12 kl. 10.00 starter fyrverkeri-salget. Kom innom mandag eller tirsdag 10-16.
Det er fullt trøkk i SparebankenVest arena, og det vil fortsatt vera fullt trøkk igjennom 2025.
Til slutt vil eg takke alle for samarbeidet, og ynskjer alle God Jul og Godt Nyttår!